Bok nummer to om fartøy, folk og båtbygging innanfor grensene til tidlegare Fjelberg kommune er klar til lansering. Boka er ein oppfølgjar til første boka, som kom ut i fjor haust.
Eit stort og viktig lokalhistorisk arbeid ligg bak det omfattande båtregisteret du finn i begge bøkene. Her får du eit oversyn over båtar i maritim næring dei siste hundre åra og vel så det. Å samla informasjonen om båtane på ein plass, er eit pionerarbeid for området vårt. Ære for dette går til Arild Engelsen og Idar Landa og deira nitide arbeid med å få registeret på plass.
Men boka har også hatt mange andre bidragsytarar, som kvar for seg har laga anna interessant stoff. Du kan til dømes lesa om fiskarar og andre som har hatt sjøen som levebrød, om båtar, båtbyggjarar, båtbygging, vervaplassar og anna martimt stoff. Skjemt, alvor, storhendingar og tragiske hendingar på sjøen er stikkord for det som ventar på å bli lese.
Kort fortalt handlar boka om hell og uhell i mange variantar frå eit yrande liv, knytt til sjøen. Her kan nemnast skipperen som havarerte med seglbåten sin langt ute i Atlanterhavet, ungdomen som omkom etter kollisjon med ein ubåt, halsnøymannskapet som i siste liten vart berga ved Kalvåg i Bremanger, den stolte fraktebåten «Toftevaag», som enda opp som forskingsskip i Middelhavet, eller den artige forteljinga om «Dei forliste lefsene». Alt dette og mykje meir kan du lesa om i boka.
Lions Club Halsnøy er ansvarleg utgjevar, medan ei dedikert boknemnd har stått for det redaksjonelle arbeidet. Torsdag 7. november kl 16.00 blir det lansering i Halsnøy kulturhus. Der vil to av dei som er omtalte i bøkene fortelja historiar frå livet på sjøen. Vi får òg høyra om båtbygging på Halsnøy i gamle dagar og Halsnøy Shantykor skal opptre.