15 flotte fagarbeidarar fekk onsdag 30. november provet på at dei no er fagarbeidarar.
Ordførar Sigbjørn Framnes holdt tale, og delte ut fagbreva saman med lærlingkoordinator Grete Urdal.
– Gratulera med fagbrevet. Verdsetting av fagarbeidaren er høgare no enn for nokre år sidan, då skulle alle ha høgare utdanning og så gløymde ein litt fagarbeidaren, men for å driva samfunnet framover er me nøydd å ha fagarbeidarar. Det er derfor gledeleg at me for nokre år sidan auka tale på inntak av lærlingar som gir fleire moglegheit til å ta fagbrev. Eg håpar alle får jobb der dei ønskjer, og at de busett dåke her slik at me får nytta kompetansen dåkas, sa ordføraren.
Følgjande har teke fagbrev hjå oss:
Helsefag:
- Jingele Vallestad Sidayon
- Jonny J. Hauan (menn i helse)
- Darwish Fahad
- Anders Høgheim
- Haben Ngusse Ghebremariam
- Mia Volden
- Malin Johnsen Fylkesnes
- Medhanie Tesfankiel Tukue
- Vanja Bertsen Håpnes
Barne- og ungdomsfaget
- Ina Sætrevik Folgerø
- Martha O. Brandvik
- Yvonn Brubak
- Alexander Strømsnes Koppang
IT-driftsfaget
- Morten Bjelland Albretsen
- Andreas Smith Solberg
(Denne saka er henta i si heilskap frå Stord kommune sine heimesider)