Bar namnet med rette

Grått og vassfullt i Stordfjellet søndag. (Foto: Steinar Hystad)

Ingen tvil om at Fossabrekko bar namnet sitt med rette på denne gråe søndagen. For dei som svinga oppom Heio, eller la turen oppover fjellet, kunne bulderet frå tonnevis av vatn som raste nedover høyrast  heile dagen.  Det skumma kvitt i lendet.  Så kan me også sjå attende på jamt regn sidan toredag.