Ymse – fortel mykje

Set me Stord kommune opp mot Fitjar kommune er det skilnader å finna. Me siktar ikkje til folketal og den slags, heller ikkje vinkraft eller poteter og den slags. Me siktar til ein liten detalj heilt på slutten av innkallingane til kommunale møte i nemnder og utval. Der har Fitjar fast post som så greitt heiter ymse.  Der har representantane, dei folkevalde, høve til spontant å ta opp saker dei har eit spesielt auga til, eller ting veljarane har tipsa om.  Stord har ikkje slik avsluttingsprogrampost i sine møte, der må spørsmål meldast inn godt på førehand.  

Dermed kan me vedgå, at det alltid er ekstra spennande å lesa  nyhende frå Fitjar –  under posten Ymse.

God helg.

Fyndord og ordtak er alltid greitt å ha med på ferda:

  • Jo meir ein tømer lommeboka, jo meir plass til resten av pengane
  • Ein må ta det vonde med det gode
  • Ofte lagar ein ris til eigen bak
  • Ein kan også få for mykje av det gode

Så nokre ord på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan

  • Pøyla – hola med stilleståande vatn
  • Radla – prata saman
  • Radle –  fort, snart og snøgt
  • Rakadeis – koma på rek, noko slengt på urett stad