Nav registrerer 1 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken i Sunnhordland i oktober. Det er same prosent, og omlag same tal som førre månad. På same tid aukar tilgangen på stillinger. I oktober i år registrerer Nav 376 ledige stillingar.
– Arbeidsmarknaden er og har lenge vore stram. Likevel har me mange som står utanfor arbeidslivet i Sunnhordland, og som med dei rette rammene kunne vore i arbeid. I ein stram arbeidsmarknad slit arbeidsgjevarane meir med å finne den ønska kompetansen. Me ønsker fleire samarbeid for å få fleire i arbeid og å få dekt behova arbeidsgjevarane har, seier Håvard Lægreid, leiar i Nav region Sunnhordland.
FagVeg
Ein slik måte å samarbeide på, som Lægreid trekk fram, er FagVeg. Dette er ein pilot som Nav og Vestland fylkeskommune samarbeider om i Sunnhordland. Målet er at fleire skal få ein betre veg inn til eit fagbrev som er behov for i den lokale arbeidsmarknaden.
– Me er godt i gang med å snakke med fleire lokale verksemder me har identifisert som aktuelle i ein pilotperiode. Me tek utgangspunkt i verksemdene sine behov, og riggar oss deretter. Etter pilotperioden er over, skal vonleg strukturane kome alle verksemdene og kandidatane i heile Vestland til gode, seier Håvard Lægreid
Nav har gode erfaringar med liknande opplæringsriggar frå før. Både Menn i Helse, Hender i helse og samarbeidet med Aker Solutions på Stord vert trekt fram av Nav-leiaren.
– Frå før er me godt kjend med å hjelpe kandidatane våre mot eit fagbrev, gjennom ulike ordningar. Me ser no fram til å arbeide fram nye strukturar som vonleg både kan hjelpe fleire i arbeid og samstundes sikre verksemdene naudsynt og viktig kompetanse, seier Lægreid.
Lægreid peikar særleg på erstatningsbehovet i det lokale næringslivet, og den stramme arbeidsmarknaden som er.
– Me veit at særleg Helse- og omsorgssektoren, men også industri og leverandørindustri kjem til å ha store behov for å rekruttere ny kompetanse i åra som kjem, basert på kor mange dei har som nærmar seg pensjonsalderen. Kompetanse tek tid å bygge og vonleg kan me gjennom piloten finne strukturar som gjer det enklare å samarbeide med Nav og fylkeskommunen for å bygge ny kompetanse blant dei som i dag står utanfor arbeidslivet, seier Lægreid.