Med høg bakke- og vassklaring var traktor tryggaste framkomstmiddelet på fylkesvegen på Sørhuglo torsdag. Like ved krysset mot Lauvåsvegen tok ikkje avløps-røyr (av eldre årgang) unna for vassmengdene som samla seg og asfalten med sin kvite striper vart liggjande under vatn. På om lag 25-30 centimeters djupne.
– Dette er blitt det vanlege når det kjem mykje nedbør, så me ser fram til at vegeigar tek tak i problemet, tipsar brukarar av vegen til stordront.no.