Blir ikkje tømt  første dagane…

Ein evig pytt har laga seg til i enden av gangfeltet. (Foto: Steinar Hystad)

Med vervarsel om 120 mm reint regn, er det ikkje nokon fare for at dammen i enden av overgangen  mellom  India Gate (Narvesenhjørna, som me sa før) og Torget skal tørka inn.  Vasspytten vil heller veksa enn forsvinna  komande dagar – men på litt sikt er det kanskje von om utbetring slik at me kan gå tørrskodde over nedste del av Borggata.  Pytten har over tid utvikla seg til å bli akkurat litt for stor og djup til at det vanskeleg  å ta steget ut på tørre kvite striper over eit opphøga gangfelt…