Stakk av med fiskekaka

Måkemor med dotter passar trafikken med Kystbussen. (Foto: Steinar Hysatd)

Lenge har ein godt vaksen måke tatt på seg oppgåva med å sjå til at reisande via bussterminalen på Leirvik kai, held plassen i køen og passar avgangstidene. Sidan i sommar har det ein kan tru er måkemor, hatt med seg måkedotter på jobb, og det er særleg Kystbussane dei er opptekne av. Som takk for velgjort set også desse fuglane pris på honorar, gjerne i form av ein matbit og tre.  Ungmåken er helst  noko «kvinkjen» i målet, men klarar godt å melda frå når det er tid for lunsj lunsj. Og går det tregt med servering, kan det skje som det skjedde tysdag i halv tolv tida:

Ein mann hadde kjøpt seg fiskekaka på Trollkrabben og kom til å leggja posen frå seg eit bel medan skolissa vart knytt på nytt. Det var eit signal måken tolka feil, og tok like godt godsakene med seg. Altså stakk av med fiskekaka.

Dette til orientering.