Eit drone- eller flyfoto over Leirvik og innseglinga til bysentrumet prydar toppen av Stord kommune si nettside. Motivet har vore å sjå ei stund, men det var først med grundig studie nyleg Stordront.no oppdaga ein interessant og aktuell detalj. Nemleg det som kan vera ein rak peikepinn på ny molo, som er omtalt å koma eit stykke utfor «gamlemoloen» og Storddøra.
Visste ein ikkje betre, kan det sjå ut som ein pir – det som i røynda er «armen» på heisekranen å kaien til Oma Slipp og Mek. Verkstad.