Isflata på Stord vart opna i april 2001, då som regionanlegg for vinteraktivitet på is. Det var Vikahaugane Stord Sportsenter og skeisegruppa i Stord IL som stod bak initiativet. Dette var den fyrste 250 meter rundbana som vart laga i Noreg. Grunna høge driftskostnader og ustabilt ver har det kome fram ynskje om å byggja hall over isflata, dette er heimla i kommunedelplan for Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv..
Med dette avsnittet innleiar Sylve Rusten, rådgjevar for idrett og friluftsliv i Stord, svarbrev til ein innbyggjar som tilskriv kommunen om mogleg bane for ishockey i hallen som blir bygt over isbanen. Innbyggjaren minner om kor stor sport ishokey er i landet og verda elles.
Rusten skriv vidare: – Kommuneplanen syner behov i planperioden, her var aldri vore reist noko ynskjer eller interesser for ishockey. Anlegga me byggjer skal vera behovsretta. No er det Stord idrettslag som realiserer prosjektet og ein har sett på ulike løysingar for bruk av aktivitetsflata i midten. Her har vore teikna inn areal for kunstløp, curling og ei ishockeyflate. Noko permanent ishockeyflate med vant og nett har ikkje vore med her. Å byggja fast ishockeybane med tilhøyrande ekstra garderobar vert kostnadsdrivande. Kommuneplanen er laga gjennom demokratiske prosessar med folkemøte, høyringar, kontakt med idrettslag, idrettsråd, friluftsråd og velforeiningar. Planen vert politisk vedteken i kommunestyret.