Usikre på kva som gjev poeng eller gode terningkast når det gjeld test av tyggegummi, var det med spenning Stordront sin tyggande la ein grønleg Stord-tyggis mellom tennene – og togg til. Ein god peparmyntesmak spreidde seg snøgt i munnen. Spenning var det sjølvsagt kring tyggetid? Ville peparmynten halda seg ei stund? Etter ein halvtimes smakfull oppleving, bad tanngarden om tyggepause – og Stord-tyggisen kunne forlata munnholet med poengplassering mellom åtte og ni på ein skala til ti.
Det er i samband med lansering av slagordet «Stord – liten by for det heilt store» at ekspedisjonen i Rådhuset har utvida sals-sortimentet over skranke med Stord-tyggis, Stord-drikkeflaske, Stord-t-skjorter og Stord-handlenett. Alt med den nye logoen. Framifrå skøyale ting å ha på seg og med seg for Stord-patriotar.