TILBAKEBLIKK: Datoen var 18. januar 1981 og det var tillyst langrenn med start og mål på Lundsseter skistadion. Skigruppa i Stord Turn og Idrettslag var tilskipar og kunne til dette rennet by på strålande gode løyper, laga med nyinnkjøpt sporsettar. Den hong etter snøscooteren med to personar som ballast. Ingen ting å seia på interessa for skisport på Stord for 43 år sidan: 300 stilte til start – 50 av dei i turklassen.
I nyare tid er det eigen løypemaskin som har gitt gode spor på Heio og i Lysløypa.