Joar Losnegard var så absolutt korrekt i jakkevalet då han fredagskvelden steig inn i gymsalen på Huglo Bygdehus for å få med seg forfattar Halvor Folgerø sin presentasjon av boka «Ferjefolket». Jakken i mykje raudt, litt blått og ull i foret – og ikkje minst med HSD merket på brystet – var attkjennande moment for ferjefolket på Huglo. Dei må med ferja både til og frå..
– Eit stasminne, frå eit stativ på bruktbutikken, forklarte den smilande nye eigaren av «uniformsjakken» i reiarlaget som gjekk inn i soga for ein heil del år sidan.