«Trivsel i laget – trivsel på øya» har vore Huglo bygdekvinnelag sitt motto i 70 år. Fredag kveld vart jubileet markert med storsamling bygdehuset, med program og servering som absolutt gav trivsel rundt festborda. Annleis kan det ikkje bli, når det blir servert huglo-hjort frå haustens jakt som gryterett med potetstappe og tyttebær. Mange godord til bygdekvinnene, som igjen leverte til terningkast seks i matlaging. Kakene som kom til kaffien litt seinare, fekk same gode karakter frå takksame gjester.
Ferjefolket
-Det vert stundom sagt at «han kom til sine eigne», og det gjorde han så til dei gode grader, forfattar og (ex) stordabu, Halvor Folgerø, i presentasjonen av si nyaste bok «Ferjefolket – storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø». For er det noko huglarane og gode vener av øya kjenner seg att i, så er i den livslange rolla som ferjefolk. Folgerø har også skrive bøker om vestlandsvegar, og snakka om bilkøyring på og kring fjordar med eit herleg «glimt i augo». Bøkene hans er fulle av sanne soger til å kjenna seg att i. Folgerø er kjent for oss som NRK-røyst – men den tida er til ende. No går tida til bøker og speling på bass og fagott.
Stor aktivitet
I starten heitte det jubilerande laget Huglo bondekvinnelag, men endra namnet til Bygdekvinnelag då det minka på kvinner som hadde sitt dagleg virke på garden. Trivsel på bygda er drivkrafta og på Huglo har laget tatt på seg mange oppgåver: skipa til utstillingar, arrangert messer, samla foto og strikkeoppskriftet (mellom anna til Huglokufta). Og mykje anna.