Alltid mot sommaren

Kunsten å sjå  lyst på det… (Foto: Steinar Hystad)

Natt til søndag skal me vri på urverket igjen, og det store ordskiftet som følgjer går gjerne på kva veg visarane skal vriast. Beste svaret er: Alltid mot sommaren.  No på hausten i revers, på vårparten framover. Så las me her om dagen at det  2024 kan bli siste året me har glede av styra tida ein time. I EU-bygget i Brûssel står stadig mogleg avvikling av sommartid/vintertid på dagsorden.  Men inn til vidare  får me ein time meir ti rådvele haustdøgeret me skrur  tida  – tilbake.

God helg.

Fyndord og ordtak er alltid kjekt å ha med på ferda:

  • Ingen fisk utan bein
  • Det er noko med alt – men det er ikkje alt det er noko med
  • Det beste skal ein gøyma til slutt
  • Alt som er gamalt, er ikkje godt – og alt som er nytt er ikkje nyttig

Nokre ord på veg ut av Stordamålet alt for 50 år sidan:

  • Pløsa = bløra eller blåsa
  • Putl = noko smått lite, leikety
  • Pøk = liten sekkepose
  • Pøklast = slåst  for moro