Mange vil vaksinerast

Fullt på ventestolane  halvtimen etter opning, torsdag (Foto: Steinar Hystad)

Med utgangspunkt i eldre matte-lærdom, som sa at «mange er det først når det blir over 12» er det gledeleg mange lett eldre på Stord, som vil vaksinerast mot influensa, korona og pneumokokk.  Dei første 130 var på plass ein halvtime etter at helseeininga opna dørene i Nyehallen på Vikahaugane klokka 0900 torsdag. I løpet av langdagen rekna ein med å ha sett rundt 1000 sprøyter fordelt i dei 11 «avlukka». Det blir vaksinering også andre dagar – kunngjeringa er å finna på kommunen si heimeside.