Er blitt universelt utforma

Betalingsautomaten kjem attende – med universelt utforma tilgjenge. (Foto: Steinar Hystad)

Betalingsautomaten på gjesteparkeringa ved Stord sjukehus har vore rigga ned ei tid, og til den som lurer på kvifor, kan avdelingsleiar for drift og vedlikehold på sjukehuseigedomen, Roberg Holmstrøm, opplysa:

– Automaten var plassert på eit betongpodie som gjorde det vanskeleg for rørslehemma og kome inntil for å betala.  No er avsatsen borte og tilgangen er blitt korrekt etter reglar for universell utforming.