«Han innante» med vener i Kulturhuset

«Basar» er namnet på «Han innante» sin 5. revy. Den inneheld humor, viser, utlodning, lysbilete og historie. Framsyninga er sett opp torsdag 31. oktober i Storsalen i Stord Kulturhus som skriv følgande i si omtale:

Dette blir ein heidundrande ”Basar” med alt som fyljer med. Det blir eit varmt, humoristisk og litt historisk gjensyn med Basar-kulturen. Han Innante har  denne gongen med seg broren Arne Nordbø som  opptrer med fleire overraskande «Basar-figurar». Torolf Nordbø og «Folk Brothers» kjem med viser, country, gospel og blue grass.

 «Folk Brothers» er ein duo med Oskar Nordbø (33 år)  og Edvard «Borneo» Nordbø (26 år). Dei er sønene til Torolf Nordbø som etterkvart har blitt etablerte artistar og musikkprodusentar i Oslo og Bergen.  Dei har kvar for gjeve ut songane sine på vinyl, Spotify og YouTube. Til tostemt song, gitar og bass framfører dei songane sine i Everly Brothers og Simon and Garfunkel-stil.

 Torolf Nordbø har saman med «Han Innante» reist rundt i Sør-Norge på mange revykonsertar saman med bl.a. Steinar Albrigtsen, John Niklas Rønning, Gunstein Draugedalen, Per Inge Torkelsen Rune Andersen og Monika Nordli.