Nye møblar på «møteplassen»

Ny møblar på «møteplassen» i andrehøgda på Amfi senter. (Foto: Steinar Hystad)

I området i andre høgda i Amfi Senter der det tidlegare var kafedrift, er det kome på plass nye møblar. Snakkar me om ny «møteplass», senterleiar Hans Martin  Haavik?

– På sett og vis gjer me det, ja. Men ikkje fullt så møbelert som tilfellet er nett no.  Me har ein del benker mynta på kvild og prat rundt om i lokala våre som etterkvart skal skiftast ut med dei nye som er komne på huset. Det er rett at  arealet i andrehøgda skal vera møteplassen vår. Ein stad for konsertar og andre arrangement og i år som i fjor  blir det rigga til for peparkakeby i dei tidlegare lokala til leikebutikken i andrehøgda, seier Haavik til stordront.no.