– Kan raude bær gje mindre raude tal?

Kommunen treng ikkje gå lenger enn ut i eigen hage for å finna råstoff til juepyntbuntar.  (Foto: Steinar Hystad)

På kommunalt grunn innom Stord sine grenser står i desse dagar mange kristtorntre i sin mektigaste raud/grøne skurd. Samstundes jaktar kommunen moglege inntekter og mindre utlegg. Kanskje det i dette lyset kan vera ein ide å sjå attende til stordomsåra for Stord som kristtornkommune. Dei haustane tusenvis av kristtornbuntar vart sende over heile landet – til pynt i like mange tusen heimar og heiderleg omtale for naturen på Herlege Stordøy. 

I år er kristtornen i knallform.