Jazzar norske salmar på pashto i Kulturhuset

Simin Tander/Tord Gustavsen Duo (Pressefoto)

Komande laurdag vert det konsert med jazzduoen Simin Tander og Tord Gustavsen i storsalen i Stord kulturhus. Konserten er eit samarbeid mellom Stord Jazzklubb, Stord kulturhus og Stord Internasjonal Kulturklubb. Jazzklubben skriv følgande omtale på sine heimesider:

Den tysk-afghanske vokalisten Simin Tander gir oss dei gamle norske salmane tilbake på måtar me ikkje hadde sett på førehand; i nye versjonar på det afghanske språket pashto.

Tord Gustavsen gav i 2016 ut eit album på ECM Records der han nytolkar og utfordrar gamle norske salmar i ein sufi-inspirert og fri dialog. Saman med den afghansk-tyske songaren Simin Tander og poeten B. Hamsaaya har han fått gjendikta og transformert utvalde salmetekstar til det uutgrunneleg vakre språket pashto, som var morsmålet til Simin sin far. I tett dialog med dei gamle salmane gjer dei også frie improvisasjonar og originalkomposisjonar til sufi-poesi i engelsk gjendikting. Alt blir integrert inn i eit univers av lada minimalisme og sterke melodiar.

I dette prosjektet blir kvalitetane frå Tord sin instrumentalmusikk integrert i det sterke samspelet med ein karaktersterk og original vokalist med store ekspressive kvalitetar og stor lyrisk prakt.

Vokalisten Simin Tander er ein av dei mest særmerkte personlegdomane i den unge europeiske jazzen. Med si kjenslerike og trygge stemme byggjer Tander bruer mellom vestleg jazz og arabisk-liknande vokalflukt mellom songar og intime balladar.

Pianisten Tord Gustavsen har gitt ut ti kritikarroste album på ECM Records. Før han starta solokarriera si, hadde Tord allereie vore ein viktig del av den norske jazzscena i mange år. Han hadde spelt saman med ei rad andre kjende artistar som t.d. Solveig Slettahjell, Kristin Asbjørnsen, Mahsa Vahdat, Silje Nergaard, Kim Rysstad, Arve Henriksen, og fleire andre. Tord Gustavsen har motteke ei lang rekkje prisar for det eminente og uttrykksfulle musikkuttrykket han maktar å presentera for lyttarane sine.

Kjøp billett her