Ny karm – no blei det fint

Vesle vindauga til venstre har fått ny karm og frå Torgbakken er Hagerupshuset no fint å sjå til. (Foto: Steinar Hystad)

Sidan Stordront.no ved eit par høve har etterlyst  reparasjon av ein roteskadd vindaugskarm i øvste etasjen på Hagerupshuset, er det heilt på sin plass at nettstaden sender eit «takk for velgjort»,  når karmen no er vølt.  Det skjedde i førre veke, og er i tråd med kommunal utsegn om at eldste huset  på Vikjo skal ha godt tilsyn og vedlikehald framover.