Stordabuen leverte så visst EUPHORIA

Stordabuen og orkesteret under leiing av Torleiv Agdestein i Kulturhuset laurdag. (Foto: Steinar Hystad)

Eit av dei største blandakora vestafjells, Songlaget Stordabuen gir deg euphoria, står det kvitt på raudt på framsida av progammet til haustens konsert frå dei 73 songarane under musikalsk leiing av Torleiv Agdestein. Sidan euphoria ikkje er mellom ord brukte til kvardags, vart det søkt forklarande hjelp frå  google:  «Euphoria er et psykologisk fenomen som beskriver en tilstand av ekstrem lykke, glede og høy stemning».

Og på steg ut frå to gilde timar med skandimagisk pop i Kulturhuset laurdag, er det lett å senda stadfesting til songarar, orkester og dirigent om at dei heldt kva dei lova – og vel så det. Lyden var framifrå, lyssetting like så.

Det blei så visst ei stund i musikalsk lukkeland. Med takkens ord, ståande applaus og ekstranummer. Før utgang, der ein kunne høyra Stordabu-vener høglydt undra seg på om dei nokon gong hadde høyrt Songlaget betre enn dette?

Ei anna overtyding å ta med frå konserten, er at det i nabolanda Sverige, Danmark og Noreg er blitt, og blir stadig laga mykje god populærmusikk. Berre ta turen til Storsalen i Kulturhuset og høyr, søndag ettermiddag eller komande tirsdag.