Andre tertialrapport fortel mellom anna at kommunen sør på Stordøy har hatt ein god skatteinngang åtte første månader i år:
«Skatteinngangen for Stord kommune har gjennom 2024 vore over 100 prosent av landsgjennomsnittet, og per august var denne 103 prosent. Med ein skatteinngang på over 100 prosent blir Stord trekt i skatteutjamninga, og etter skatteutjamning enda kommunen på 99,7 prosent av landssnittet. Medan resten av landet har opplev ein skatteauke frå 2023 til 2024 på 2,3 prosent, ser Stord ein auke på 9,8 prosent. Stord opplever stor aktivitet i næringslivet, og det er viktig at ein også er førebudd på at skatteinntektene kan gå noko ned i 2026/27», heiter det i rappporten.