SK, NVE og fleire enn det…

Nei, det betyr ingen ting slik i det daglege, men likevel kjekt å dvela med i når ein likevel er i godt selskap. Slik me er under smilefjesa på Stordront.no om fredagane. Det gjeld dette med lange namn, som somme av oss yndar å korta ned til nokre store bokstavar. Eit sterkt døme er  Norges Vassdrags og  Energidirektorat,  som oftast blir kort og greitt omtalt som NVE. Om Norges Automobilforbund seier me NAF og i diverse korrespondanse frå og til Stord Kommune er  e-post- og brevskrivarar byrja korta ned til SK.  Det ber feil av garde, meiner no  me.

– Kor kjeme du frå då?

– Eg e oppvaksen i SK?

I alle fall – god hausthelg.

Ordtak og fyndord er greitt å ha med på turen:

  • Skulle uhellet vera ute, så giftar me oss, sa jenta
  • Når ein har falle frå taket til golvet, kan ein ikkje falla lenger
  • Nære og nesten, slår ingen av hesten
  • Det gode skal ein hogga i fjellet, det vonde skal ein skriva i snø

Ord på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan

  • Pinjora = gruvla, studera på noko
  • Pjokk = liten gut
  • Pjusken = vesal å sjå til, tufsen
  • Platta (seg) = halda seg, greia seg