Bjørn’s bier på jobb i Kulturhus-parken

Meir lokalt blir det ikkje: Lindehonning frå Vikjo, skogshonning frå Vabakkjen og Valvatna. (Foto: Steinar Hystad)

– Lindehonning frå Vikjo, står det på etiketten på glaset som freistar med årets produkt frå aktive bier kring Leirvik.  Stordront ber birøktar  Bjørn Haukanes forklara nærare:

– Då dei store lindetrea utfor Kulturhuset stod i bløming i slutten av juli, vart bier med bustad i kubar i Holevegen sendt på nektarsaking i  nytt nærmiljø, og fangsten blei ganske bra den.  Honningen frå lindetrea har spesiell mintsmak, skikkeleg god, lovar røktaren.

Bjørn’s bier har vore på sankearbeid også i andre nærmiljø og kan såleis by på honning frå skogen rundt Vabakkjen og Valvatna og meir langvegs farande lynghonning frå  Brandasund og Bømlo. Sesongen byrja greitt og godt, men august  vart i kaldaste og våtaste laget til at 2024 går inn i soga som toppsesong. 

– Kor kan godtfolk få tak i den lokalproduserte honningen frå Bjørn Haukanes og biene hans?

– Førebels vanskeleg å få innpass hjåi store kjede-butikkane, så eg kan tipsa om Trollkrabben, Sagenesen på Ådland og Urt og Ugras.