Stor interesse for Framtidsfullmakt

Eline Aarskog og Arve Havnerås informerte om nytten av Framtidsfullmakt for fullsette salar i Kulturhuset tysdag kveld. (Foto: Steinar Hystad)

Gjennom  Frivilligsentralen er det siste tida skipa til tre opne møte med informasjon om eit nyttig dokument for dei fleste: Framtidsfullmakta. Alle møta samla full småsal i Kulturhuset og snittalderen hjå publikum låg meir  mot 70 (pluss), enn andre vegen, naturleg nok. Informantar  var Eline Aarskog  frå  Advokatkontoret Aksnes og Aarskog  og banksjef Arve Havnerås  frå SparebankenVest.  

Framtidsfullmakt omhandlar kva me vil skal skje med oss sjølve og det me eige når alderen krev sitt, som me seier.  Ei skriven fullmakt er ikkje evigvarande og kan endrast  etter kvart  som livsendringar kjem til.  Tips og hjelp til utfyllinga  kan ein få på nettet eller søkja hjelp hjå advokat.  

– Kor skal så fullmakta  leverast eller lagrast, var det ein del som lurte på

– Den skal liggja i beredskap i skuffa heime til dess det blir konkret bruk for informasjonen. Først då blir det aktuelt å senda dokumentet til m.a. Statsforvaltaren.