Informerer om ei annan tid…

Skiltet i  Sæ  informerer mykje  om det som ein gong var i sentrale strok av bykommunen. (Foto: Steinar Hystad)

På eit større kommunalt skilt ved  parkeringsplassen i Sæ, blir det informert om at Leirvik har snøggbåtsamband til Stavanger og Haugesund. Det var heilt rett, for ei heil del år sidan.

Vidare blir det fortalt om  at byen har sitt eige Postbygg/kontor, om at Høgskulen Stord/Haugesund har avdeling på Ådland, om at Politiet har kontor ved Ventekaien. Og litt anna som ikkje lenger stemmer med realitetane.

Skal det drivast turistinformasjon, bør sjølvsagt presenterte fakta vera «up to date», men det betyr ikkje at skiltet i Sæ må kaserast. Eit betre  løysing etter Stordront.no sitt syn, må vera å gje skiltet ein plass på museet for å fortelja kor mykje som har endra seg i bykjernen sist tiåra.