Brua er i alle fall på lista

Med bru over Laukhammarsundet blir Huglo (t.h) landfast. (Foto: Steinar Hystad)

Bru for ferje er nyttig fleire stader i Vestland, men trass den statlege støtteordninga for ferjeavløysingsprosjekt er dei økonomisk usikre for fylkeskommunen. – Vi fortset å presse på for å betre ordninga, slik det er no får vi ikkje realisert viktige vegprosjekt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkestinget i Vestland handsama saka «Finansiering av ferjeavløysingsprosjekt» i møte 2. oktober 2024, og vil jobbe vidare med forbetringar av støtteordninga. Ferjeavløysingsordninga frå 2016 seier at fylkeskommunane kan bruke pengar som i dag går til ferjedrift, til å finansiere fastlandssamband som erstattar ferjesambandet. 

Økonomisk risiko og usikkerheit blir eit problem
– Ny bru og fastlandsforbindelse kan gjere fleire område i Vestland meir attraktive å bu og arbeide i, og hjelpe næringslivet i nokre av landets fremste verdiskapingsregionar, seier Askeland.

Men det som høyrast ut som ein god og enkel løysing er langt frå risikofri.  

– Ferjeavløysingsordninga til staten er i utgangspunktet til god hjelp med slike vegprosjekt, men den gjer det ikkje gratis! Det er eit problem at fylkeskommunen ber heile den økonomiske risikoen i desse store prosjekta. Dei blir erfaringsmessig dyrare, det er mykje kostnadsauke vi ikkje får dekka, og det kan gå 40 år før vi får att byggekostnadane. Vår økonomiske belastning må reduserast for at vi skal kunne bygge fleire fastlandsprosjekt, og vi jobbar aktivt med forbetringar av ordninga på fleire frontar, seier Askeland.

Tilskotet frå staten tek utgangspunkt i det fylkeskommunen får for å drifte ferja. Kor mange år ein får tilskotet er påverka av korleis kostnadane var på tidspunktet søknad til ordninga vart sendt. Om kostnaden vert høgare når prosjektet skal byggast, er det fylkeskommunen som må dekke det, noko fylkeskommunen erfarer no med bygging av bru over Ytre Steinsund i Solund.

Saka er henta frå Vestland fylkeskommune