Årets barneforestilling er her!

Komande helg inviterer 3. klasse ved musikklinja ved Stord vidaregåande skule til framsyninga «årets barneforestilling». Dei har nemleg satt opp heile fire framsyningar av klassikaren Folk og røvere i Kardemomme by.

– Me har sjølv gjort alt arbeidet; produksjon, musikalsk ansvar, regi, scenografi, kostyme, sminke og alt som høyrer til, skriv dei i ei melding. – Med oss har me god hjelp frå 2. klasse ved musikklinja.

Thorbjørn Egners Folk og røvere i Kardemomme by handlar om den fredelege byen Kardemomme og om folka og dyra som bur der. Sola skin nesten alltid. Det einaste som forstyrrer nattesøvnen i den vesle byen, er dei tre røvarane Kasper, Jesper og Jonathan, som «lister seg så stilt på tå» og skaper uorden i idyllen, og Pølsemakaren meiner at nok er nok, men Politimeister Bastian vil helst ikkje gjere noko, for røvarane har ei løve…

Forestillinga passar for alle aldrar, frå dei minste til dei aller eldste!

Framsyningar – Stord vidareåande skule konsertsal – Saghaugen:
Fredag 18. oktober: 18:00
Laurdag 19. oktober: 12:00 og 16:00
Sundag 20. oktober: 16:00

Billettar kjøper du her!