«Ny kollektivterminal på Leirvik», er tittelen på eit brev kommunndirektøren i Stord har sendt Vestland fylkeskommune. I skrivet heiter det:
«Stord kommune har i kommunestyremøte den 25.04.24 vedteke å gå bort frå planane om parkeringsanlegg og næringsareal i etasjane over ny kollektivterminal i Leirvik sentrum. Derfor er arealet der ny kollektivterminal er planlagt tilbake til eksisterande reguleringsplan. Stord kommune har i brev til eigarane av eigedom 27/354 gitt eit siste tilbod om å løyse ut eigedommen. Dersom grunneigar ikkje godtek tilbodet som Stord kommune har gjeve, vil kommunen treffa ekspropriasjonsvedtak, og begjære forhåndstiltredelse.»
Det blir vidare minna om at Stord Kommunestyre i møte den 25.04.24 vedtok at Vestland fylkeskommune set i igang arbeidet med realisering av ein ny kollektivterminal i Leirvik sentrum, Bandadalsplassen. Kommunestyret godkjenner også «makebyte» som inneber at kommunen overtek dagens kollektivterminal på kaien og overdreg areal til ny kollektivterminal på Bandadalsplassen til fylket. Kommune vil oppretthalde sin rett til å bygge over kollektivterminalen, ref. tidlegare planar.
– Bidraget kommunen har i dette prosjektet er å stille areal til disposisjon for fylket. Stord kommune håpar på eit godt samarbeid i prosjektet og at fylket vil prioritere midlar for oppstart i løpet av 2025, heiter det til slutt i brevet.