Ser ut for at dei høge furutrea mellom Vikastemmo og FV 544 har «frisøretime» for tida. Trea er ringa inn med anleggsgjerde og greiner er kutta på sida mot Fylkesvegen. Kvifor det
Slik lyd spørsmålet frå tugåar i området ved «Andadammen» og Vabakkjen. Kva som er på gang, fortel Anne Randi Naurstad, driftsleiar, for veg og grønt i Stord kommune:
– For å sikra framkome og trygg ferdsle for dei som passarar og oppheld seg og i området, er det er behov for å letta og beskjera lange tunge greiner, og reinska trea for tørrkvist.
– I tillegg vil me fella om lag seks tre som er skeive og lenar seg mot Vikastemmo og gangvegen. Dersom det ikkje blir gjort tiltak på trea, er det ein viss fare for brekkasje, velt av tre og nedfall av tørrkvist og tyngre geiner.