Både lauvtre og nåletre er i sleppmodus for tida, og med støtte frå sterke vindkast kan det bli i meste laget med nedfall å ta unna for offentlege rister mynta på overvatn. Glimrande dømer er å sjå i gangvegen langs Vikabrekko (Skulebrekko). Der har lauv og furunåler tetta rista og det medfører at vatnet berre rasar vidare nedover – til møte med Hamnegata. Rista treng å bli rista, snarast mogleg.