Gangvegen blir reparert

Blir igjen «landfast» når gangvegen er fiksa.  (Foto: Steinar Hystad)

For tida ligg den nye flytebrygga ved Nattrutekaien som ei «øy» i  hamnebassenget.  Gangvegen, landgangen som det heitte før, er vekke, og Stordront.no har spurt hamnesjef Inge Espenes, om dette er permanent eller mellombels?

– Høgst mellombels, det oppstod sprekk i ein sveis og gangvegen må reparerast, eit oppdrag  Opero tek seg av, opplyser Espenes.