– Ja, alder er jo berre nokre tal

Når sant skal seiast, vart  me jekka opp i godlagsstemning  ved passering bilen som har registrert seg med skiltpåskrifta EVIGUNG.  For det er jo der den store majoritet av oss helst vil vera i livssyklusen.  I alle fall lengst mogleg.  Det er vel gjerne difor me me finn stor glede i å minna oss og andre om at: Alder – er jo berre  nokre tal.  Og no veit me at det er teknisk mogleg å gjera ein aldersvri – på bilskiltet i det minste.

God helg.

Fyndord og ordtak har mange god tips å gi:

  • Det er ikkje som det skal vera, når prikken over i’en manglar
  • Problem kan sjåast frå mange sider, elles er det ikkje problem
  • Felles skjebne – er felles trøyst
  • Det er rart med lukka – ho kjem av seg sjølv
  • Ingen kan hoppa så høgt at dei ikkje kjem ned igjen

Så nokre  ord på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan

  • Ottast = reddast, venta med uro
  • Ovrøvle = noko uvanleg stort og digert
  • Pargas = bagasje, reisety
  • Pelementa = koma i kluss med einannan, tretta
  • Peta på = trippa, gå med korte steg