Det var mange som retta mobil og fotoapparat mot himmelen over oss torsdag kveld. Ikkje så rart, for dette var første gong eit livleg raudt nordlys viste seg på »kvelven». Fargerikt og flott og eit fenomen som skal ha i årsak i spesielle møte mellom gassar i atmosfæren. Og igjen ei påminning om at det er lite som kan tevla med/mot naturen sine eigne kunstverk.