Songlaget Stordabuen går ei travel veke i møte, før premieren på framsyninga «Euphoria» i Stord kulturhus laurdag 19. oktober.
– Me har jo fast øvingsstad på Leirvik skule, men det er først når me flyttar oss ned til Kulturhuset og får øva på scenen der, at ting fell på plass, seier koret sin dirigent, Torleiv Agdestein.
I veka som kjem må dei 75 songarane innstilla seg på å øva i Kulturhuset frå kl. 17 til 22 både måndag og onsdag, i tillegg til ei «vanleg» øving på Leirvik skule på tysdagen.
– Det blir mange timar av det, og enkelte føler kanskje det blir i meste laget. Men me treng den tida me kan få. Det er så mange detaljar som må på plass.
Framsyninga «Euphoria» er sett saman av norsk, svensk og dansk popmusikk. Av den nyare sorten, vel å merka.
På spelelista står den svenske Grand Prix-vinnaren Loreen og hennar verdskjende landsmenn Avicii, Laleh og Sara Larsson, for å nemna nokre. Frå Danmark er både Kim Larsen, Volbeat og Lukas Graham med, medan Alan Walker, Sigrid, Aurora og Vamp er nokre av artistane som representerer Noreg.
Som vanleg når Stordabuen inviterer til songfest, får forteljarane god plass. Og denne gongen har dei verkeleg fått noko å spela på, når forskjellane på norsken, dansken og svensken er tema.
Laila Føyen har ansvaret for regien. I bandet sit Ståle Tesdal (gitar), Severin Vik (tangentar og gitar), Torbjørn Agdestein (trommer) og Ane Agdestein (bass og fløyte).