Risikogrupper og innbyggarar over 65 år er tilrådd oppfriskingsdose mot korona hausten 2024, influensavaksine årleg, og pneumokokkvaksine (mot lungebetennelse) kvart 6. år.
Influensa, korona- og pneumokokkvaksine kan setjast samstundes. Mellom ulike vaksinar som ikkje vert sett same dag, må det gå minst ei veke.
Følgjande risikogrupper får tilbod om influensa- og koronavaksine:
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko, etter legevurdering
- Svært alvorleg fedme, dvs. KMI over 40 ( KMI = kg/m2)
- Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
- Barn og vaksne med kroniske underliggande sjukdomar eller alvorleg grunnsjukdom
Pneumokokkvaksine er tilrådd for:
- Personar i aldersgruppa 65 år og eldre
- Personar med ulike underliggande sjukdommar
Sjå Folkehelseinstituttet – FHI for meir detaljert informasjon om kven som inngår i risikogruppene.
Stader for vaksinasjon:
- «Nyehallen» på Vikahaugane 24. og 25. oktober.
- Stord Rehabiliteringssenter, kantinen i 2. høgda, 25. oktober. For eldre som er født i 1939 eller før.
- Nordbygdahallen i Prestegardsskogen 31. oktober og 1. november.
- Det vert oppsamlingsdagar ved Stord Rehabiliteringssenter 6. og 14. november.
Tider for vaksinasjon:
For å unngå at for mange kjem samstundes, vert det frammøtetid etter kva månad ein er fødd i. Tidene gjeld for vaksinering på Vikahaugane veke 43 og i Nordbygdahallen veke 44.
Me ber om at alle følgjer dei oppsette tidene!
Fødselsmånad | Alternative tidspunkt for frammøte | |
---|---|---|
Torsdag 24. oktober og torsdag 31. oktober | Fredag 25. oktober ogfredag 1. november | |
Januar og februar | kl. 09.00 eller 15.00 | kl. 08.30 |
Mars og april | kl. 10.00 eller 16.00 | kl. 09.30 |
Mai og juni | kl. 11.00 eller 17.00 | kl. 10.30 |
Juli og august | kl. 12.00 eller 18.00 | kl. 11.30 |
September og oktober | kl. 13.00 eller 19.00 | kl. 12.30 |
November og desember | kl. 14.00 eller 20.00 | kl. 13.30 |
Tidspunkt for vaksinering ved Stord rehabiliteringssenter 25. oktober (eldre over 85 år)
Fødselsmånad | Tidspunkt for frammøte |
---|---|
Januar og februar | kl. 09.00 |
Mars og april | kl. 10.00 |
Mai og juni | kl. 11.00 |
Juli og august | kl. 12.30 |
September og oktober | kl. 13.30 |
November og desember | kl. 14.30 |
Oppsamlingsdagar ved Stord rehabiliteringssenter 6. og 14. november
Drop-in kl. 09.00-14.00.
Born og unge i førskulealder/grunnskule, kontaktar helsestasjon/skulehelseteneste for vaksineavtale.
Pris
Influensavaksine kr. 200,-
Pneumokokkvaksine kr. 500,-
Koronavaksine gratis
Me tek berre i mot betaling med kort
Nærare informasjon får de ved å kontakte Vaksinetelefonen, 481 44 387 (kvardagar 09.00-15.00).
På vaksinedagane kan me ikkje svare på telefonen. Send sms evt.
Sjå elles informasjon på heimesida til Folkehelseinstituttet – FHI