Teaterstykket «Mr. Halloween», skrive av Erik Jørgensen, er satt opp i Ungdomshallen i beste Halloween tid. Tre famsyningar er satt opp i slutten av oktober.
– Her blir det mykje gøy, full fart, tøff musikk, flotte effektar og flinke skodespelarar, meldes det i omtalen på Stord kulturhus sine heimesider.
Stykket varar i ca 50 minutt – utan pause – og passar for born i alderen 4 til 100 år!
Dei som er med:
Torill Berger | Åge Stokken | Mina Kolstad | Einar Tholfsen | Erik Jørgensen | Øyvind Spissøy: Lys og lyd