Laurdag 12. oktober kl. 14:00 opnar utstillinga Tornerose av biletkunstnar Gro Gillesen (1954), ei utstilling som omhandlar døden og omfamnar livet. Utstillinga synar fram fem store fotografiske verk (210 x 165 cm) som tek utgangspunkt i negativ av døde menneske, fotografert tidleg på 1900-talet. Negativa er digitalt omarbeida, trykka på silkepapir og gitt eit radikalt anna uttrykk enn originalane, gjennom val av fargesetting og format.
Utstillinga står fram til 22. november.
Les meir om utstillinga på Sunnhordland Museum sine heimesider