Når me i unge dagar trudde me var litt løgne i praten, sette me gjerne fram påstanden om at det ikkje var særleg vits i å snakka om snøen som fall i fjorden. Utgangspunktet var naturlegvis ordtaket om at det ikkje hadde, og heller ikkje har, noko for seg å snakka særleg lenge snøen som fall i fjor. Den er jo borte, vekke for lengst. Då kan det kanskje vera meir matnyttig å kikka nærare på eit av dei ordtaka me presenterer i dag, nemleg: Kor e’ snøen frå i fjor?. Seks ord som bør vera ei framifrå godt høve til ordskifte.
God helg.
Ordtak og fyndord å ta med inn i helga:
- Ein får vera glad ein er til – det er ikkje alle som er det, sa guten
- Kor e’ snøen frå i fjor
- To kan trekka i same tau – men i kvar sin retning
- Ikkje noko er mislukka, men resultatet kan vera så ymse
- Suksess er kunsten å gjera feil – utan at nokon oppdagar det
Så nokre ord på veg ut av Stordamålet alt for 50 år sidan:
- Onnug = ha det travelt, hasta
- Oppstuss = bråk, også bruka om slikt som vekte åtgaum
- Oras = mykje snakk, bisn
- Orka = makta, greia, vinna på ting
- Otta = tidleg om morgonen