Stenger fjellsameiga for småviltjakt – måren herjar.

Måren sitt inntog i faunaen på Stord har hatt negativ innverknad på småviltbestanden. (Foto: Vladimir Chech, Freepik.com)

– Me hadde stenging i fjor også, redusert mengde jaktbart småvilt er årsaka, seier Ole Reinert Eskeland, styreleiar i Stord Fjellsameige. Sameiga kunngjorde nyleg at det ikkje blir opning for jakt på småvilt denne hausten. Han forklarar vidare:

– Av vanleg  småvilt på Stord har me dei siste åra  tradisjonelt jakta på hare og orre.  Rypa blei freda for ca 35 år sidan. Det var ein god bestand av både hare og  orrfugl for 20 år sidan, men den har blitt gradvis redusert.  Årsaka kan spekulerast i, men me trur auka press frå rovfuglar, auka bruk av fjellet til turutfart, og «innføring» av rovdyret mår, betyr mykje. 

– Me har mest tru på at mår påvirkar  bestanden mest.  Den har truleg kome i «bossbiler» som hentar avfall i nabo kommunane der mår er utbreidd. For eksempel Tysnes. Dei første mårane blei observerte ved Valvatna/ Heiane.  Det er også observert et par revar på øya,som truleg er komne saman med avfall til Heiane.  Rev blei sist observert ved Valvatna for tre veker sidan,  fortel  Eskeland.