– Hei, her kjem både gladmelding og rosande ord. Skryten går til vegavdelinga i Stord kommune, og den gode glade melding ut alt folket er at det no er reist namneskilt for vegane på øya vår. Takk for velgjort, helsar Huglo Bygdelag ved leiar Sigurd Huglen.
Det var på haustparten i fjor bygdelaget bad kommunen ordna med at vegane ut frå sjølve fylkesvegen frå ferjekaien til snuplass på Tveit og Haukanes fekk sine namn i det offentlege rom. Og no er ting på plass.