Ventar på rive-godkjenninga

Etter tapping av dammen har det vakse godt til i «Vannverket» (Foto: Steinar Hystad)

Kommunestyret valte riving av demningen og tilbakeføring av dam-arealet «til naturen», som aller siste vers på den lange visa om skjebnen til «Vannverket» i Lønningsåsen. Vedtaket vart gjort for ei tid sidan, men framleis står demningen der   – rimeleg godt prega av både alder og år. Slik blir det gjerne når ein har vore på jobb i rundt 110 år.

– Kva er stoda i vassverksaka ved inngangen til oktober 2024? Stordront.no sende spørsmålet til einingsleiar for tekniske tenester i Stord kommune, Arne Bjelland.

– Me ventar på svar frå Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) på godkjenning av planane om riving.Dette kan vist ta noko tid.

– Når godkjenning er kome frå NVE vil me starte arbeidet med riving.

– Byrja bli prega av alder og år – demningen i «Vannverket» i Lønningsåsen. (Foto: Steinar Hystad)