Seniorprisen til Tove Dypå Lunde

Tover Dypå Lunde (Foto: Steinar Hystad)

Utval for oppvekst og kultur vedtok i møte tysdag (1.oktober ) å gje den kommunale Seniorprisen 2024 til, Tove Dypå Lunde.

Det kom fleire innspel til komiteen om kandidaten, kor ei gruppering grunngjev si innstilling med alt Dypå har «stått på» for eldresaka.

Tove Dypå Lunde har vore:
o Leiar i Eldrerådet 3 periodar.
o Leiar Stord Pensjonistforening
o Leiar turgruppe frå Hagerupshuset
o Interimsstyret i Hagerupshuset
o Leiar Eldredagen og førebuing til denne. 
o Styret i HLF 

Frå anna hald vart det vist til  at Tove Dypå Lunde er ein engasjert pensjonist som gjer og har i mange år gjort ein stor innsats for dei eldre i Stord. Ho har vore leiar i eldrerådet, likeperson i HLF, aktiv i pensjonistforbundet med vidare.

Prisoverrekkinga blir ein del av programmet på Eldredagen komande laurdag i Kulturhuset