Ber fleire registrere seg

I september var arbeidsløysa i Sunnhordland éin prosent heilt ledige av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på 30 personar i høve førre månad. 

– Arbeidsløysa er varig låg, og me ser også nedgang i delen langtidsledige. Det er positivt. Likevel er me uroa over den naturlege stramheita i arbeidsmarknaden som då følgjer. Me skal vere ein samarbeidspart for verksemder som slit med å finne folk, og oppmodar alle som treng til å ta kontakt, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.  

I same periode registrer NAV ein stillingstilgang på 271. 

– Stillingstilgangen i Sunnhordland er jamnt over høg, og speglar den høge aktiviteten i arbeidsmarknadsregionen. Me analyserer også kva yrke som har størst erstatningsbehov grunna naturleg avgang frå arbeidslivet dei komande åra, og ser at særleg helse- og omsorgsyrka, og yrke innan industrien står overfor ei stor omstilling i høve absolutte tal i vår region, seier Håvard Lægreid. 

Utanforskap 
På same tid som NAV peikar på stramheit i arbeidsmarknaden, kom dei I førre månad med oppdaterte tal om utanforskapen frå arbeidslivet. NAV-leiaren i Sunnhordland peiker på retten alle har til å få vurdert sitt behov for oppfølging til å kome i eller halde på arbeid som ein nøkkel.  

– Me trur at ikkje alle veit om høve for å få arbeidsretta bistand frå NAV. Me treng at den som sit med ei vilje til og ønske om å arbeide tek kontakt – til dømes om ein har ei uføretrygd, men ønsker få revurdert moglegheitane sine i arbeidsmarknaden. Me har mange gode samarbeidsverksemder, som har både vilje til og ønske om å inkludere fleire i arbeidslivet, seier Lægreid 

Lågast arbeidsløyse i Fitjar 
I Sunnhordland var det i september lågast arbeidsløyse i Fitjar kommune (0,6 %). I tillegg hadde Stord, Tysnes (begge 0,8 %) og Etne (0,9 %) alle registrert nivå under 1 prosent av arbeidsstyrken . Snittet for heile Sunnhordland er på éin prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland (1,7 %) og landet (2 %).