– Endå meir digitalisering, skal bli…

Me er vel framleis nokre som minnest uret til besten, som han nokre gonger for dagen tok opp frå ei lita lomme i vesten, kikka og slo fast at «ho va slagen elleve og gjekk mot hall tolv». So gav han eit par tørn på tappen og la uret, som var festa i ei lenke,  varsamt tilbake i lomma.  Det var reine seremonien.

 No blir det varsla frå høgare hald at  me skal bli deltakarar i eit endå meir digitalisert samfunn. Og nett i den leid var han komen  personen me høyrde om nyleg, – som hadde fått topp moderne mobiltelefon. Ein av slaget som har mange andre gjeremål enn nett å visa klokkeslettet.  Mobilen sende eigaren mellom anna melding om at vedkomande fram til dessar i dag hadde gått nokre færre steg en vanleg på ein fredag….

God helg.

Gode ordtak kan vera greitt å ha med seg på helgeturen:

  • Aldri så galt at det ikkje kunne vore verre
  • Det er ikkje så mykje som er så godt at det ikkje kunne vore betre
  • Ingen ting er så godt gjort at det ikkje kan kritiserast
  • Nære på og nesten – slår ingen av hesten
  • Så nære på var eg, sa jente, då ho på sida av vart beden opp til dans

Så nokre ord på  veg ut av stordamålet  alt for 50 år sidan

  • Nåme nær = nær nok
  • Odne = fin liten varme i stova
  • Okje = tverr tre på ei dør, eller ein tverr mann
  • Okla = ankel. vrist
  • Old = mange, ein brote