Trekkspelarane Håvard Svendsrud og Øivind Farmen har både saman og kvar for seg markert seg som nokre av Skandinavias fremste trekkspelarar. Mandag 30. september kl. 19.00 spelar dei to opp til konsert i Stord Kulturhus. Konserten vert lagt opp i to avdelingar. Den første avdelingen er ein «vanlig» innøvd konsert, med blanding av både klassisk musikk og tradisjonelt trekkspelrepertoar. I andre avdeling er det lausare snipp og ”veien blir til mens man går” i improvisert samspel. Mulighet for å komma med ønske fra salen er det også.
Svendsrud og Farmen er begge klassisk utdanna ved Barratt Dues Musikkinstitutt. I tillegg til den klassiske musikken har dei kvar på sin kant vore svært aktive innan tradisjonell trekkspelmusikk og andre stilartar. Sidan 2015 har dei kvar haust reist på lengre Noregsturnear under oppslaget «Trekkspillcafé». Denne hausten spelar duoen i alt 10 konsertar, og konserten på Stord Kulturhus er ein av disse. Turnéen blir gjennomført med økonomisk støtte av Kulturdirektoratet.