Overrekking av seniorprisen har vore fast og høgtidleg innslag på Eldredag-markeringa i Stord Kulturhus. Og slik ønskjer nestleiar i Eldrerådet, Nils Tore Gram Økland det skal bli i år også – sjølv om denne prisen i år har fått «nye hender på rattet».
Økland sitt ønskje skal til behandling i Utval for oppvekst og kultur, som på møtet neste vek skal både tildela seniorprisen og avgjera kvar han skal utdelast.
Økland skriv i grunngjevinga: Det har fram til no vore vanleg praksis at Eldrerådet både tildeler og utdeler seniorprisen. No er det utvalet som har ansvaret for dette, men Eldredagen er eit arrangement som mange eldre deltek på, og den fungerer som både ei høgtideleg og festleg ramme omkring utdelinga. I 2024 finn Eldredagen stad i Kulturhuset laurdag 5. oktober.