Tusen gonger, og kanskje vel så det, har me å på kveldsturen passert denne vesle og velstelte parken mellom den store parkeringsplassen og fortauet langs Sævegen. Faktisk utan å vera klar over kva grøn oase me har gått forbi. Her ein kveld blei heldigvis forviteskapen så sterk at han bad oss svinga nedom prydbuskane for å sjå kva som venta der. Og det var ein benk til kvild, bos-spann og grøn plen – ein stad for ein å pause på turen. Ei oppdaging å føra rett i plussmargen.